Stell og vedlikehald av saueskinn

Saueskinna våre kan vaskast når behovet melder seg, men dei held seg best om du luftar dei og ristar/bankar dei utandørs for å få ut støv. Du kan også børste dei med jamne mellomrom om du brukar skinna til å site/ligge på. Vi sel børster i nettbutikken vår. Klikk på bildet under så kjem du direkte til produktet i nettbutikken.

Skinna kan også leggast i puddersnø med hårsida ned, og late dei rense seg i snøen ein halvtimes tid. Rist godt av snøen og lat dei tørke. Lat det ikkje snø på hudsida, for om skinnet vert vått på denne sida vil det verte stivt når det tørkar.

Når du vaskar saueskinna våre gjer du det for hand om ulla er lenger enn 10 cm lang, og i maskin på ullvaskeprogram om den er kortare. Bruk litt ullvaskemiddel. Ved maskinvask kan du også sentrifugere det litt.  Når det er vaska heng du det opp ein stad der det kan drypptørke. Det skal ikkje henge varmt eller i direkte solskin.

Når det ikkje dryp av skinnet lenger, men medan det framleis er fuktig/vått, tek du tak i kantane og strekkjer det av all makt, i alle retningar. Gjenta dette nokre gongar medan skinnet tørkar. Dette for at skinnet ikkje skal trekke seg saman og rynke seg. Deretter set du inn kjøtsida (den utan hår) med til dømes flytande Lano. Massér den godt inn. Dette vil gjere at skinnet framleis er mjukt når det vert heilt tørt. Skinn som ikkje vert smurt med Lano eller liknande vil verte tørre og stive.

Skinn som er garva i Sverige, som skinn av gotlandsfår, er kromgarva og treng ikkje tilførast Lano eller anna smøring. 


For enno fleire detaljar angåande behandling av skinn kan de besøkje sidene til Roar Pels og til Granberg Garveri, på følgande linkar: 

http://www.roarpels.no/index.php?option=com_docman&task=cat_view&gid=8&Itemid=7

http://www.granberggarveri.no/default.aspx?mod=4&m1=29 

Vi sel saueskinnsbørster i nettbutikken vår